Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eit godt og aktivt år for TIL – årsmøte i full fart

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. mars 2025

Onsdag kveld var det tid for å evaluere gammelåret og sjå inn i glaskula for det nye året for Todalen Idrettslag. Eit tjuetal medlemar deltok på årsmøtet som altså gjekk unna i ein fei.
Elinor Bolme har vore leiar dei siste åra, og ho vart og valt til møteleiar og fekk med seg Turid S. Todalshaug som referent. 

Elinor Bolme er leiar i Todalen I.L., medan Turid Todalshaug er sekretær – i kveld var dei møteleiar og referent. Foto Jon Olav Ørsal

Årsmelding
Første årsmøtesak var årsmelding frå dei forskjellige gruppene.  Lars Stensby refererte i tur og orden frå alle gruppene – om aktivitetar og prosjekt som har gått føre seg gjennom året og prosjekt som det har vore jobba med.  Det største prosjektet det siste året er nok det nye nærmiljøanlegget på Bordholmen – inklusive dugnadsinnsatsen har heile prosjektet ein verdig på nær 700.000.

I tillegg til Bordholmen har det vore aktivitetar i alle anlegga som Idrettslaget har – Lars Stensby har vore anleggsleiar for ei anleggsgruppe som har ansvaret for Ungdomshuset, Skihytta, Lysløypa på Tjønnmyran, Hett & Svett treningsstudio, Toåa tursti og andre fjelløyper vinters tid. Elles er det stor aktivitet i Trimgruppa med både Gunnøydilten, Trim i Todalen på sommars tid og Adventkalender ifør jul og Romjulsmarsj i romjula.  Populære tiltak med stor oppslutning frå bygdefolket og tilreisande. Nytt av året var fiskekvelden som Barne- og ungdomsavdelinga arrangerte på bruset – det var eit samarbeid med elveeigarlaget.

Lars Stensby er leiar i anleggskomiteen – i kveld hadde han ansvaret for årsmeldingane. Foto Jon Olav Ørsal

Rekneskap
Neste post på programmet var presentasjon av rekneskapen.  Medan Jenny Stensby har permisjon frå kasserarjobben har Asbjørg Husby vore leid inn på denne jobben det siste året.  Det siste året er også prinsippet for føring av rekneskapen endra, slik at avskrivingsprinsippet er forlate.  Det ga eit spesielt resultat for året som gjekk med eit underskot på heile 415.800.  Stor investering i nærmiljøanlegget fører imidlertid til at resultatet blir negativt. Resultatet for Todalsdagen bidrog med knappe hundre tusen aleine.
Elles var kontrollutvalets rapport referert, og dei anbefalte å godkjenne årets rekneskap for T.I.L, som også var godkjent einstemmig av  årsmøtet.

Oppdatering av lovverk
Neste post var oppdatering av lovverket for Todalen I.L. som følger standardlovverket til landsforbundet – dette vart einstemmig vedteke.

Kontingent
Kontingenten i laget vart vurdert av årsmøtet – den er kr 200 pr medlem og styret hadde tilrådd å halde kontingenten uendra for 2026 – dette vart vedteke einstemmig.

Budsjett
Neste års budsjett stod også på dagsorden – her er det budsjettert med driftsinntekter på 613 000 og driftsutgifter på 640 000.  Renteinntekter gjer at ein reknar med å kome omtrent i balanse med rekneskapen for 2025. 

Orientering frå styret
Styret orienterte om at dei har jobba med å få orden i leigeavtalar for sine eigedomar. For Hett & Svett er det gjort ein avtale med Talgø Invest. For Todalen ungdomshus blir arbeidd med ein avtale med grunneigar Ståle Ansnes.  På Bordholmen er ein i startfasa med ein leigeavtale med grunneigarane på Kvennset.

Val
Siste årsmøtepost var val – Laila Bergli hadde gjort eit godt forarbeid til årsmøtet, og hadde lista klar til presentasjon.  Einaste nye namn i arbeidsutvalet er Asbjørg Husby som var ny kasserar i laget.  I tillegg er det endring i Trimgruppa, der Torill Talgø blir leiar og Sissel Halset Storslett blir medlem. I valnemnda er det to nye medlemar – Astrid L. Kvendset for 2 år og Harald myrås for 3 år.  Til slutt er nye ansvarlege for Hett & Svett – Her er Ola Talgø og Eirin Børmark valt for 2 år.  Sjå den komplette lista nedafor.

På tampen av årsmøtet fekk styret skryt for stort og variet aktivitetsnivå i laget.  Det er lagt opp til mange aktivitetar som medlemane sett stor pris på og som mange av medlemane brukar jamnleg.  Kan spesielt nemne treningsstudioet Hett & Svett der det er over hundre nøklar ute hos medlemane og så Toåa Tursti som har feire tusen besøk kvart år – det vart ein suksess!

Publisert: 6. mars 2025, 06:00