Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eit godt alternativ til toppturen…

Jon Olav Ørsal Sundag 16. april 2017

I dag har det vore sol frå blå himmel, og ypparlege forhold for toppturar. Men eit godt alternativ er det jammen å møte våren og etter kvart sommaren i bygda – og for eksempel på Tjønnmyra.  – Den nye gapahuken på Tjønnmyra er populær og i dag var det stor aktivitet både i gapahuken og rundt omkring. Det var full fyr på grillen og bakelspressa gikk for fullt.

I dag passa han grillen! Gunnar Nordvik har vore sjefsentreprenør for gapahukprosjektet på Tjønnmyra, og jammen har det vorte eit flott anlegg. No er det berre om og gjort at det blir bruka, seier Gunnar. Foto. Jon Olav Ørsal

Tjønnmyra blir eit anlegg som kan brukast heile året og av folk i alle aldrar, seier Gunnar Nordvik som har vore sjefsentreprenør for idrettslaget gapahukanlegg her. Det er Gunnar Nordvik og Lars Kvendset som med god hjelp av ein dugnadsgjeng har gjort det meste av snikkararbeidet, saman med Per E. Gjeldnes som har gjort grave- og tomtearbeidet. No står gapahuken mesta ferdig – berre noko småtteri står att, men den er no klar ti bruk for alle som vil.

Eit stort langbord på 10 meter er kome på plass, sandkasse, grill og om nødvendig peis for å halde varmen. Det er lagt inn strøm, slik at elektrisk bakelsjarn kan brukast, og her er eit hav av mulegheiter for aktivitetar og leik.

Bildeglimt frå aktivitetane på Tjønnmyra 1. påskedag, da både store og små kosa seg i påskesola.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 16. april 2017, 16:21