Når feiebilen dukkar opp, da er det som eit teikn på at våren er i anmarsj. Torsdag var Mesta ute med feiebilen, og vaska, pussa og støvsuga vegkantar langs FV671 inn til Todalen. Det blir mykje støv og lort i samband med strøing og salting gjennom ein lang vinter.
Det er viktig å få bort svevestøvet som er eit resultat etter nettopp strøing og i tillegg blir det støv av kjøring med piggdekk. Mesta har ein spesialbil som både spyler og børster og syg opp det meste av lorten og støvet etter vegane. No er altså Todalsvegane rengjorte og klare for ein ny vår- og sommarsesong.