I går kveld kunne endeleg Todalen IL gjennomføre sitt utsette årsmøte i tråd med gjeldande smitteverntiltak. Mellom 15 og 20 medlemmer av idrettslaget møtte, og fekk ein gjennomgang av eit aktivt idrettslagsår i 2019.

Leiar Nils Ove Bruset og referent Anders Gjeldnes åpna årsmøtet, før Lars Stensby vart valgt som møteleiar.
Laget har ekstern regnskapsføring, og årsmøtet brukte også denne gongen mykje tid til å gå igjennom eit kronglete oppsett og ulike postar. I 2019 hadde idrettslaget heile 1 147 800 kroner i driftsinntekter. Med ca 970 000 i utgifter gjorde det at det vart eit solid plussresultat på 180 000 kroner som auka eigenkapitalen tilsvarande.
Årsmeldingene i dei enkelte gruppene viste eit stort spekter i aktivitet. Her er noko for dei aller minste, dei aller sprekaste og for dei som berre har lyst til å bidra med dugnadsarbeid. -Noko medlemmene våre er veldig dyktige til, skrytte Nils Ove. Både Ola Dalsegg og Anders Gjeldnes ønska å oppfordre fleire til å engasjere seg i idrettslagsaktivitetane. -Vi må alle være med å ta i eit tak for at idrettslaget skal være aktivt og fungere framover.
Ellers vart det behandla to innkomne forslag: ny organisasjonsstruktur og planlegging av nytt nærmiljøanlegg på Bordholmen. Årsmøtet vedtok begge forslaga etter grundig gjennomgang. Eit nytt nærmiljøanlegg er det ønske om skal bidra til å dekkje opp det behovet som ungar og ungdommen i bygda har for uorganisert aktivitet. Her er det fleire støtteordningar å søkje midlar til, og det vart dermed avsett kapital for å kunne tilfredsstille ulike søknadskrav både for kommunale midlar og tippemidlar. Styret fekk fullmakt til å setje ned ei arbeidsgruppe forvidars framdrift.

Valgkomiteens forslag til ny organisasjonsplan for idrettslaget.
Valgkomiteen hadde sett på den generelle strukturen av idrettslaget, og kom med forslag på ei oppdatert organisasjonsplan. Her var eit sterkt ønske om å setje drift av dei mange anlegga som idrettslaget har meir i fokus. Mange anlegg krev gode rutiner for gjennomføring av vedlikehald blant anna, og valgkomiteen hadde klart å rekruttere Lars Stensby som øverste leiar her. I tillegg vart det omorganisert i dei gamle gruppene som før har hatt organisert aktivitetstilbod i både ski, friidrett og fotball. Dette vart samla i ei felles barne og ungdomsgruppe som skal dekkje opp det samla tilbudet.
I tillegg vart det oppretta ei ny gruppe som fekk arbeidsområder økonomi og markedsføring.
Nytt hovedstyre vart dermed sjåande slik ut:
- Leiar: Nils Ove Bruset
- Nestleiar: Astrid Longva Kvendset
- Kasserer. Jenny Stensby
- Sekretær: Turid Sæter
- Leiar økonomi – og markedsføringsgruppa: Oda Halle
- Leiar barne- og ungdomsgruppa: Ola Dalsegg
- Leiar trim- og allidrettsgruppa: Mari Redalen
- Leiar anleggsgruppa- drift og vedlikehold: Lars Stensby
Her finn du komplett liste over alle tillitsvalgte fram til neste årsmøte: Tillitsvalgte i Todalen IL 2020

Ikkje alle i hovedstyret tok gjenvalg. Anders Gjeldnes, Jorunn Nordvik og Gudmund I Kvendset var tre av dei, i tillegg til Steffi Bohle, Elisabeth Kjos og Gunnar Nordvik.

Deler av det nye hovedstyret i Todalen IL. Frå venstre Lars Stensby, Jenny Stensby, Nils Ove Bruset, Astrid Longva Kvendset og Oda Halle. I tillegg er Ola Dalsegg, Mari Redalen, og Turid Hals no med. Positivt at yngre krefter melder seg frivillig til innsats for bygda si!