Eirik Vang Aas (22) frå Kvanne, som sykla for landslaget til Norge, gjorde ein stålande innsats under sykkelrittet Tour of Norway, Eirik vann klatretrøya i firedagarsrittet Tour of Norway, som samlar verdas beste syklistar, både frå inn- og utland, så dette var ein utruleg sterk prestasjon av Eirik.
Tour of Norway vart arrangert frå torsdag 23. – søndag 26. mai, og samlar dei beste syklistane frå inn- og utland. Rittet hadde fire etappar:
- Torsdag 23. mai: Voss – Voss, 142 kilometer
- Fredag 24. mai: Odda – Gullingen, 205 kilometer
- Laurdag 25. mai: Sola – Egersund, 162 kilometer
- Søndag 26. mai: Stavanger – Stavanger, 125 kilometer
Eirik vann alle dei fire etappane i kampen om klatretrøya og hadde full kontroll.