Laurdag kveld vart den universelt utforma fiskerampen i Båthølen kvalitetssikra av den første rullestolbrukeren. Eirik Halle var på sin andre tur i Toåa Tursti og var mektig imponert over anlegget. Denne gongen hadde han parkert ved kirka og kjørt med den elektriske rullestolen nedover turvegen.
På fredag hadde han og bror Kolbjørn også teke turen, men da hadde dei starta heimafrå på Todalsøra via Halsabrua. -Her var ikkje stien heilt tipp topp, men vi klarte å forsere heilt fram til Båthølen fortel Eirik. Det var litt utfordrande der kor gammel og ny sti møtes, men med godt samarbeid så kom vi oss forbi utan å havne i elva, smiler han.
Under kveldens utflukt Båthølen vart det dronekjøyring og litt væske i kroppen i kveldssola. Unggutane diskuterte teknologiske installasjonar, medan dei eldre karane var mest opptatte av vasstanden på elva. Eirik gjorde seg raskt opp tankar på korleis han skulle forsøke fiskelykka fra den nye fiskerampen. Denne skulle han så absolutt prøve i løpet av kommande fiskesesong.
Ragnar og Ivar hadde akkurat vore ute og utbetra området nede ved Gunnøya kor ny og gammel sti møttes. Tidlegare på dagen hadde deler av utgarden vorte fjerna, slik at det skulle bli enklare komme forbi. Både med sykkel og vogn, ja til og med rullestol i følge Eirik.