Tysdag kveld hadde KNT – Kristiansund- og Nordmøre Turistforening sitt årsmøte i Kristiansund. Foruten vanlege årsmøtesaker var det tid for skifte av leiar som stod på agendaen – etter 28 år med leiarklubba så nytta Eirik Gudmundsen høvet til å takke av frå dette vervet. Eirik Gudmundsen har vore aktiv i KNT heile livet, og har mellom anna fått Kongens fortenestemedalje for sin innsats i turistforeninga.

Den nye leiaren, Lisbet Thorsø, helt ein flott takketale til Eirig Gudmundsen som har vore aktiv i KNT heilse livet. Foto KNT
Som ny leiar vart valt Lisbeth Thorsø, og ho heldt ein flott tale til avtroppande leiar. Også Lisbeth Thorsø har lang fartstid i KNT, og har i ei årrekkje vore nestleiar i foreninga.
Med seg i styret har Lisbeth Thorsø Johs Kalland, Vidar Mjelde, Anja Krumrey, Birger Blomvik, lars Botten (Ny frå Heim) og Gunnar Grimstad frå Kristiansund.
Under årsmøtet vart det også delt ut heider til mangeårig styremedlem Hans Gujord. Han og kona Brynhild har i tillegg vore mangeårig tilsyn på Grytbakksetra.
Her kan du lese meir om Lisbeth Thorsø – den nye styreleiaren
KNT – Kristiansund og Nordmøre Turistforening er medlem i Todalen.no