I Nilsstua på Husby har dei fått ein litt uvanleg gjest på stabburstaket, fortel Gudmund Husby. Nærast mit oppå mønet på stabburet, god skjult i lyngen og graset som veks på taket har nemleg ei grågås bygd reir og det har etter kvart vorte 5 egg i reiret. No ligg ho og rugar på andre veka, og om 2-3 veker kjem det nok 5 nye «husbygardingar» til verda.
Grågåsa har gjømt seg bra på stabburstaket, for det er omtrent umuleg å sjå ho frå bakken. Gud mund klatra opp på taket for å sjekke reiret, og da tok ho kuten og rømte unna. Men etter ei lita stund var ho tilbake og la seg til å ruge vidare. Det blir spennande å sjå korleis dette går når ungane blir klekte – da blir det sikkert meir liv og røre på stabburstaket.
I Wikipedia kan du lese meir om grågåsa og korleis ho lever ved å følgje linken her

Her ligg grågåsa på reiret – midt oppå mønet, med god utsikt over heile Husbygarden. Foto: Gudmund Husby

5 egg – Ruginga starta for litt over ei veke sia – om 2-3 veker kjem ungane og da blir det nok meir liv på stabburstaket. Foto: Gudmund Husby