Eg veit ikkje kven som vart mest forundra, røyskatta eller Per Åke, da røyskatta kika opp av bestikkskuffa vår! Det var stilt i nokre sekund før røyskatta kjefta på Per Åke, som om det var han som var inntrengaren! Ho har levd godt under og bak kjøkkenbenken, der ho har fått tak i matrestar i «hønsematbøtta», og lagt seg under oppvaskmaskina å kosa seg! No er iallefall musene vekk! ;-).

Den har nok kome inn gjennom steinmuren til huset, ned i kjellaren og opp ved avløpsrøra opp til kjøkkenet. Nokon som har innvendingar mot at eg ønskjer meg tett kjøkken!!?? Eg har iallefall begynt å leggje lokk på matbøtta!