På Todalsdagen var det full fart med fotball på 5 banar heile dagen – stor stemning var det og det er vanskeleg å skjønne korleis kreften strakk til for alle smårollingane som spela mange kampar i løpte av dagen og likevel hadde krefter til å delta på MiniRæta og til å kjøre trøbil rundt omkring på Bordholmen når dei hadde fri mellom kampane.
Men med 50 liter vaffelrøre og mykje grillmat og ikkje minst is og bru så skjønner vi at det også har vore mykje påfyll av energi gjennom dagen. I allfall var det veldig artig å sjå alle dei ivrige smårollingane som kosa seg med fotballen og gjorde så godt dei kunne etter sitt nivå. Sjølsagt var det større innsats og meir avansert teknikk i dei eldste klassane – det skulle da berre mangle. Men gleden ved å delta, den trur vi var like stor blant dei yngste. Det er nok dei aller fleste som har pokalar frå liknande arrangement – premiar som det er knytt mange gode minner til.
I den eldste klassen – lilleputt – er det nok litt meir alvor, og her var det kamp om nettopp dei store pokalane. Meir alvor og større fart i kampane. Til slutt stod vi att med fire lag som skulle kjempe om tetplassane. I Bronsefinale møttes Bud og Marokko (Eit forsterka Dahle-lag frå Kristiansund) – her trekte Romsdalingane det lengste strået, og 2-2 ved pause vart til 4-2 for Bud i 2. omgangen.
I finalen møttes Kattem (Frå Trondheim) og Molde. trønderane hadde her overtaket alt frå starten av, og etter 8 minutt kom det første målet. Dette utvikla seg vidare til 2-0 og seinare 3-0 ved pause. 3-0 vart ståande gjennom heile 2. omgang, og vart altså sluttresultatet. Dermed hamna den største pokalen i trønderhovudstaden, og den nest største i Molde. Med nærare 400 fotballspelarar på besøk på Bordholmen, så har dette sjølv sagt sett sitt preg på stadion. Men den preginga har vore eintydig positiv – trivelege og høflege born har kosa seg med fotball og anna moro på Bordholmen gjennom ein lang dag. Imponerande er vel det rette ordet!
Andre aktivitetar har det også vore – loppemarknaden i og rundt reiskapshuset har samla inn rundt 20.000 til klubbkassa, og på same måte har det vore trøkk på kiosken og grillen, der mannskapa har stått på for fullt heile dagen.
Siste post på programmet var trekking i SuperLotteriet. Det ga føljande resultat:
- Hovedgevinst hagemøbelsett: Terje Nordvik
- Playstation: Torill Talgø
- Headset: Edvart Nordvik
- – 8. TIL-skjerf: Gammel-Nystuå, Torill Talgø, Linus Vege Glærum, Hallvard Kvendset og Ståle Ansnes
No, etter at siste fotballkampen er blåst av , er det berre opprydding som står att. Så er det berre å gle seg til neste år – med nye utfordringar og nye mål!
Her har vi lagt ut eit bildegalleri frå dagens arrangement – kanskje du dreg kjensel på nokon som er med på bileta? Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal