Gjennom skuleåret så langt har elevane ved Todalen oppvekstsenter hatt felles skulemåltid til elevane. I den anledning har skulen fått gratis egg frå Pestuå til måltidet gjennom heile hausten.
Elevane og dei tilsette sett stor pris på dette og laga ein fin takkeplakat, og gjekk til Pestuå på besøk. Der fekk dei omvisning i egghuset, og ein liten titt på hønene! Elevane syntest det var stor stas å sjå! Og dei fekk også med seg ei ny ladning med gode egg til lunsjen sin skriv Toril Gjeldnes i ein epost til redaksjonen.