Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein spesiell dag på jobb…

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. mars 2019

Det vart ei spesiell og spennande vakt for Svein Skomsøy lørdag ettermiddag og kveld.  Skomsøy er leiande havneinspektør i Kristiansund og Nordmøre Havn og var vakthavende på hamnekontoret da alarmen gikk på cruiseskipet Viking Sky.  Det vart ei heilt spesiell vakt, der eg kunne følgje aksjonen både på radioen og på skjermen, og eg følte at eg satt og fulgte med på dramaet uten å kunne gjøre nokon ting.

Her kan du sjå at Viking Sky var ca 100 meter frå den grunna som mesta vart båtens bane. Svein Skomsøy kunne følgje dramatikken på skjermen og på radioen. Foto: Jon Olav Ørsal

Tida går sakte når du sitt slik og følgjer eit slik redningsdrama, og spenninga var til å ta og føle på når Viking Sky drev inn mot land med begge ankra ute med 300 meter ankerkjetting ute – og fikk feste for ankra da båten var rundt  100 meter frå den næraste grunna på Hustadvika.

Onsdag trefte vi Skomsøy på vakt på  hamnekontoret da Viking Sky kom for slep frå Molde, til Kristiansund og Vestbase for reparasjon etter at feilen  som var årsaka til dramatikken var avslørt.  – Turen frå Molde hadde foregått i sakte fart og var heilt utan dramatikk over Hustadvika denne gongen. Båten blir no liggande på Vestbase nokre dagar for utbetring av feil og skader før den skal attende til cruisetrafikk igjen.

Her er båten på veg inn til vestbase i Kristiansund. Frå venstre Terje Talgø, Ivar Hyldbakk og Arnt Hondstad som er havnesjef i Kristiansund og Nordmøre hamn. Foto: Jon Olav Ørsal

Den normale arbeidsdagen for Skomsøy og resten av gjengen på hamnekontoret er å følgje og dirigere båttrafikken på Kristiansund hamn og på dei andre hamnene på Nordmøre. Det skjer frå Hamnekontoret der han på mange skjermar har full oversikt over kva som foregår av båttrafikk i Nordmørsfjordane.

Viking Sky til slep inn til Vestbase i Kristiansund. Foto: Jon Olav Ørsal

Viking Sky kom seg mesta uskadd gjennom dramaet på Hustadvika. No skal båten til vestbase for reparasjon før den går inn i cruisetrafikken igjen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 27. mars 2019, 21:48