Det vart ei spesiell og spennande vakt for Svein Skomsøy lørdag ettermiddag og kveld. Skomsøy er leiande havneinspektør i Kristiansund og Nordmøre Havn og var vakthavende på hamnekontoret da alarmen gikk på cruiseskipet Viking Sky. Det vart ei heilt spesiell vakt, der eg kunne følgje aksjonen både på radioen og på skjermen, og eg følte at eg satt og fulgte med på dramaet uten å kunne gjøre nokon ting.
Tida går sakte når du sitt slik og følgjer eit slik redningsdrama, og spenninga var til å ta og føle på når Viking Sky drev inn mot land med begge ankra ute med 300 meter ankerkjetting ute – og fikk feste for ankra da båten var rundt 100 meter frå den næraste grunna på Hustadvika.
Onsdag trefte vi Skomsøy på vakt på hamnekontoret da Viking Sky kom for slep frå Molde, til Kristiansund og Vestbase for reparasjon etter at feilen som var årsaka til dramatikken var avslørt. – Turen frå Molde hadde foregått i sakte fart og var heilt utan dramatikk over Hustadvika denne gongen. Båten blir no liggande på Vestbase nokre dagar for utbetring av feil og skader før den skal attende til cruisetrafikk igjen.
Den normale arbeidsdagen for Skomsøy og resten av gjengen på hamnekontoret er å følgje og dirigere båttrafikken på Kristiansund hamn og på dei andre hamnene på Nordmøre. Det skjer frå Hamnekontoret der han på mange skjermar har full oversikt over kva som foregår av båttrafikk i Nordmørsfjordane.