Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein spe start på oppryddinga

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 6. september 2025

Akkurat på dagen ein månad etter den dramatiske brannen i Holbakken hos Elinor og Ivar, var det torsdag kveld ein liten dugnad for å flytte blomstrar, planter og busker.- Mange har ytra ønske om å kunne hjelpe oss på all slags vis etter brannen, og dette var ei fin anledning til å både vere sosial og gjere noko det var gang i, fortel Elinor Bolme 

Dei første trillebårene er fylt opp. Foto: B G Ansnes

Forsikringsarbeid tek tid, og alt må gjerast i riktig rekkjefølgje. Derfor blir nok branntomta ståande urørt enno ei tid til framover. -Men vi håpar å få litt meire progresjon i kommande månad, enn den vi har lagt bak oss. For å ta vare ein del av blomstrane, plantene og buskene vart det derfor torsdag kveld arrangert dugnad for å flytte desse, til naboane Svein Åge og Helen Saksen. Svein Åge har offisielt lagt potetbondekarriera bak seg, og stilte derfor åkeren sin til disposisjon på ubestemt tid. -Så no er det fritt fram for ryddeentreprenørar når forsikringsselskapa gir klarsignal etter kvart, og vi har fått berga stauder heilt tilbake til svigermor Randi si tid, seier Elinor. 

Svein Åge Saksen tek i mot Laila K. Bergli og Elinor Bolme med første lassa. Foto: B G Ansnes

Ingri Bruset, Ragnhild A. Moe, Laila K. Bergli, Mali S. Brøndbo, Monika Klungervik, Turid S. Todalshaug, Torill Gjeldnes, Ola H. Ansnes, Jorid H. Ansnes og Svein Åge Saksen møtte opp for å vere med på sjølve flyttinga. Helen Saksen stod for bakelssteikinga og kokte kaffe.  

Arbeidet går sin gang. Foto: B G Ansnes

– Eg vil verkeleg få skryte av dugnadsgjengen, og ikkje minst takke dei for arbeidet dei gjorde. Heile flytteprosessen tok berre ein stor time, så dette var ein effektiv og handlekraftig gjeng. Eg må også få takke Svein Åge og Helen som har stilt potetåkeren sin til disposisjon, avsluttar ei takknemleg Elinor.  

Uten mat og drikke duger heltane ikkje! Foto: B G Ansnes

Etter at flyttinga var gjennomført vart det servert kaffe, bakels og alskens medbragt bakverk i hagen heime hos Svein Åge og Helen. Og som det står i songen: Ein problemfri time, i gode veners lag! 

 

Publisert: 6. september 2025, 11:00