I går fikk vi ei lita påminning om at sommaren alt er på hell, og at ei ny årstid er i anmarsj. Nysnøen dukka iallfall opp både i Snøfjellet, Skjeringfjellet og Grinaren, og det slo sjølvsagt ut på gradstokken som i dag kl 07 viste temmeleg nøyaktig 6 varmegrader. I løpet av natta har imidlertid temperaturen vore nede på 4-talet, og det var litt hustre i dag tidleg.
Dermed nærmar vi oss den kritiske grensa for den blomsterpryden som ikkje tåler frost. På langtidsvarselet på yr.no ser det ut til at faren er over for denne gongen, da det blir stigning i temperaturen utover veka. Vi får nyte dagane som kjem og føle oss trygge på at det ikkje blir nattefrost den komande 10-dagersperioden.