Vi har tidlegare fortalt om utbygginga av impregneringsanlegget til Talgø MøreTre som foregår på anlegget på Syltøran. Denne veka vart ein skikkeleg milepel passert da «Samskip Kvitbjørn» stakk innom Surnadal Hamn med mykje av utstyret som skal monterast i det nye Cu-anlegget som er under montering. Talgø Møretre investerer rundt 50 mill. i nytt anlegg for grønimpregnering, og rundt 50 mill i infrastruktur- og utvidelse på Royal-3.
Her har byggearbeidet pågått sia vårparten, og det er Surnadalsfirmaet Sætra som har gjort betongarbeidet, som forøvrig er prosjektert av surnadalingen Ivar Mogstad i ingeniørfirmaet Karl Knudsen. Ivar har forøvrig flytta heim på Sæetergarden og jobbar derfrå når ahn ikkje er på Talgø Møretre for å følge opp det store betongrposjektet som dette er.
No er det plana at utstyret skal på plass omtrent samtidig som den store industrihallen blir bygd rundt den nye fabrikken, fortel prosjektleiar Hallvard Brusethaug i Talgø MøreTre. Han reknar med at resten av leveransen kjem om eit part-tre veker, og at ein da kan sette den siste og tyngste delen (over 50 tonn) direkte på plass før bygget blir tetta.
Vi har laga eit bildegalleri frå dagens happening på logistikkfronten. Alle foto: Jon Olav Ørsal