KBK har dei tre siste sesongene hatt todaling Kevin Anders Brusethaug med i sin spelarstall. Kevin fekk tilbod om å komme til klubben da han skulle på vidaregåande utdanning, og valget for den hardtarbeidande fotballgutten vart derfor lett. No på tredje sesong spelar han fast både på G19-årslaget, og på KBK 2 som ligg på toppen av 4. divisjon.
Kaptein med stort talent
Kevin er no 2. års junior og er ein av dei eldste i spelargruppa og framstår som ein leiar på rekruttlaget til KBK. Trenar Anders Særvold fortel at Kevin har hatt ei fin utvikling etter at han kom til KBK, med eit stort talent som no har resultert fast plass på laget som no toppar 4. divisjon. I fjorårssesongen var han plaga litt med skader, men i inneværande sesong så har alt gått på skinner. Han og Marius Olsen har denne sesongen delt på kapteinrolla, fortel Særvold.
-Kevin er ein offensiv midtbanespelar som er teknisk god og som har hurtighet som han også kan å utnytte på små flater, skryt Særvold. -Han har til no hatt eit par treningar med A-laget, og målet hans er nok fast plass der med tid og stunder. Dette får vi også bekrefta av Kevin sjølv; -målet er å kunne leve av fotballen, kanskje for KBK om dei tilbyr kontrakt etter kvart. -Vi får sjå kva som byr seg framover, seier han.
Fotball, skule og fotball
I løpet av sesongen har Kevin scora eitt mål i den nasjonale G19 serien mot Nardo, og eitt mål for 4. divisjonslaget mot Elnesvågen. Han fortel at det blir mykje reising, og at dei stort sett kun har ein fotballfri dag i veka. Det betyr at det er travle dagar i Kristiansund, kor han no går sisteåret på idrettslinja ved Atlanten videregående skule. Men med mange gode kompiser så går det godt, både med skule, fotball og hybellivet saman med kompis Vegard Gjul, fortel han og må innrømme at det blir lite tid til besøk hos mor og far i Todalen.
I går møtte KBK 2 Eide på bortebane. Eit tabelltoppoppgjer som gjekk i favør KBK, og ende med 0-2 til gjestane etter mål av Meinhard Eigilsson Olsen og Sander Lille-Løwø. Ein velfortjent seier i følge Tk.
Vi følger spent med på fotballkarrieren vidare!
Ingressfoto: Tk/Sofie Edøy