Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ein luftig arbeidsplass…

Ein luftig arbeidsplass…

Jon Olav Ørsal Måndag 16. juli 2012

I dag kom feiaren på besøk. Han skulle feie murpipene og klargjere til ny fyringssesong. I Surnadal kommune kjem dei på feiinga annakvart år, og sørgjer for at sot og bekksot blir fjerna for å redusere risikoen for pipebrann. Det dannar seg lett bekksot i pipa dersom det er for dårleg trekk i ho, eller dersom du fyrer med ved som ikkje er skikkeleg tørka. Dei to feiarane i Surnadal er for tida Jon Nordvik og Hans Chr. Hårstad, og dei har litt av ein luftig jobb. No er dei på «turné» i Todalen.

Dei to feiarane entra lett pipene rundt i nabolaget og gjorde raskt unna feiejobben, og da var det berre å opne sotluka i bunnen av pipa, og ta ut sotet. Dersom det er fyra rett så skal det væra berre fint sot her, med dersom det er klumpar med bekksot så er det grunn til å sette i verk tiltak. For dersom det er mykje bekksot i pipa og du fyrer for hardt, kan varmen føre til at bekksotet tek fyr. Ein pipebrann kan gjera skade på pipa og påføre stor kostnad med reparasjonar.

Det beste og enklaste middelet mot pipebrann er å fyre med skikkeleg trekk, slik at mesteparten av røykgassane brenn opp og forsvinn ut lufta, kunne dei fortelje.

Bildegalleri frå feiarbesøket.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 16. juli 2012, 15:46