Snøsmelting og regnvêret i går kveld laga ein liten flaumtopp i Toåa i 3-tida i natt. Da viste NVEs målestasjon ved Storfossen 78,7 m3/sek og tippa dermed over grensa på 74,3 m3/sek som per definisjon er middelflaum for Toåa. Grensa for 5-årsflum er 86,3 m3/sek og det var eit stykk att dit. For å illustrere kor mykje varn det er tok vi nokre bilder ca kl 8.15 – da var vassføringa komen ned på rund 56 m3/sek.
Etter midnatt vart det temperaturfall, og nedbøren kom etter kvart som snø i fjellet. Dermed minka vassføringa fort utover natta og er i skrivande stund kl 9.30 kome rundt 50 m3/sek.
At det har vore så vidt stor vassføring ved Storfossen har nok stor samanheng med at det er overløp på dammen ved Tovatna. Dette fører til ein vesentleg auke i vassføringa i Todalsvassraget så lange Driva kraftverk står på grunn av vedlikehaldsarbeid. Driva kraftverk skal etter plana køyrast i gang igjen i slutten av oktober, og da vil nok flaumfaren i Todalsvassdraget blir redusert.