Det var kommentarane til Svanhild Kvendset som oppdaga at det var eld laus i heimen hennar og ektemannen Ola. Svanhild fortel at det var vakne tidleg, men at dei oppdaga at det var unormal røyklukt på soverommet. Svanhild stod opp og var ned i 1. etasjen og der var det meir røyk. På tur ned lofttroppa løyste røykvarslarane ut og det vart eit forferdeleg leven.
Svanhild ringte sonen Bjørn som var på jobb på MøreTre, og han ba foreldra om kome seg ut fortast muleg – Bjørn ringte 113 og dermed var det i gang. – To konstablar frå brannvernet i Todalen var raskt på pletten og møtte Svanhild og Ola nærast loftstroppa og dei sørga for å evakuere dei over til eit nabohus.
Brannen hadde starta i kjellaren i tilknyting til skorsteinen – det hadde nok ligge og ulma sia kvelden før og det var nok litt flaks at det ikkje hadde blussa opp i løpet av natt. Da kunne nok utfallet ha vorte eit heilt anna.
Som sagt var dei første mannskapa på plass 8-tida og etter kvart kom det meir mannskap frå både Kvanne og frå brannstasjonen i Surnadal. Det såg ut som brannen raskt vart sløkt, men den blussa opp att igjen – men no utover morgonen går det føre seg ettersløkking.
Det er heilt uverkeleg det som har skjedd, seier Svanhild som satt og pakka inn julegåver i går kveld og som hadde koka smultringar tidlegare på dagen – dette vart flammens rov no på morgonkvisten.
No må vi finne oss ein plass kor vi kan bu, og det vil nok ta ei stund før vi kan flytte heim att denne gongen. – Tidlegare i år hadde dei nemleg vasslekkasje i heimen og det er ikkje lenge sia at dei flytta inn att etter at handverkarane var ferdig med utbetringa etter skaden som var påført da.