På Toåa tursti, ved Oddøyøran, trefte vi tre kvennsetgardingar som var ute i eit spesielt ærend. Dei var ute for å ta lauv, som dei skulle bruke til saumat i vinter. No er det rette tida for å ta ut kvistar med mykje lauv på, for å tørke dei til vinterfor. Dei var ute etter selje og rognkvistar som egna seg best.
I gamle dagar var det nok meir forløysa som var bakgrunn for at dei tok lauv, medan det i dag er meir bruka som ein ekstra godbit, som sauene er «gloherske» etter for å få variasjon frå høy og silo som det går mest på i dag. Det var Gudmund og Sivert som svinga lauvjarnet og hogg kvistar, medan Fredrik sørga for logistikken og lasta opp på 4-hjulingen. Til slutt vart det eit stort lass som suene vil sette stor pris på når det lir utpå vinteren.