Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein gledens dag – klatrarar henta ned Natiri

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. september 2024

Det er no temmeleg nøyaktig 4 veker sia Natiri kom bort under ein fjelltur.  Eigar Anders Mo seier at det i dag er ein gledens dag, når Natiri i dag vart henta ned frå Blåfjellet. Det har vore dårleg vêr i fjellet – regelrett snøfokk – men det hindra ikkje klatrarane i å kome opp til funnstaden, sjølv om det var ulendt.

Det var frivillige klatrarar som tok seg opp til det ulendte området og fikk henta ned hunden.  Det var temmeleg stri snøfokk, men ein må berre kle seg etter vêret, seier dei tre som utførte klatrejobben – Oddvar Telstad, Oda Halle og Åsmund Longva Kvendset.  

Framme på funnstaden – foto Oda Halle

Dei tre fekk ros av Anders Mo, som fortel at Natiri no skal få si grav på hytta på Kvanne.  Han rettar ein stor takk til alle som har vore med på «aksjonen» på ein eller annan måte og er glad for at han no kan «blåse av» etter ein månad med mange bekymringar.   

På tur ned att – vanskelieg føre i snøfokket. Foto Oda Halle

Velfortjent kaffepause og evaluering – frå venstre Oddvar Telstad, Anders Mo, Åsmund L- Kvendset og Oda Halle. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. september 2024, 16:00