Rundt 10 personar møtte på dugnaden som ski- og friidrettsgruppa inviterte til i går kveld. Og med stort pågangsmot og rå muskelkraft fekk dei raka heile løpebanen som i forrige veke var oppfresa. Dei mest pessimistiske trudde naturleg nok at ein ikkje rakk å rake heile på ein kveld. Men med triveleg selskap og litt påfyll med saft, bakes, kake og kaffe undervegs så gjekk det over all forventning.
All torva vart etter kvart som ho vart raka i dungar frakta bort til høvelege områder for planering. Neste steg for ein ugrasfri løpebane blir no å slodde og til slutt rulle den slik at dekket blir fast igjen og klar til ny lagseriesesong.
Medan Alvin Haga og Markus Bolme hadde ansvaret for kaffekokinga.