Ikkje så alt for mange tok turen til Bruset for å bli med på dagens tur til Storhaugen og rundt til Fosstrøinn arrangert av trim-, ski- og friidrettsgruppa. Ingen av dei frammøtte gjekk oppsett rundtur, men dei aller fleste tok derimot den fine turen inn til Fosstrøinn langsmed elvakanten. Nokre skjøtte på løypa, og fortsette til hengebrua ved Liatun.
I Fosstrøinn hadde arrangørane fyra opp steingrillen og serverte pølser til alle som var med.

Ola Bruset held stien lett tilgjengeleg for den som ønsker å ferdast her. Både lokalbefolkning, utabygdes, turistar eller fiskarar som no snart kjem til laksefisket byrjar.

Liv Larsen og Jorunn Ørsal hadde gått heilt til endes til stien opp til Brusetnessa. Og dei skrytte uhemma av vedlikehaldet av denne, og ikkje minst den fine gapahuken der oppe.
Onsdag er det rå å gå samme turen nok ein gong. Då er det nemleg lokalavisa Driva som arrangerer StikkUt-tur for dei som ønsker å bli med. Les meir om denne turen på Driva si heimeside