Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein festdag for MF Stangvikfjord

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. oktober 2024

Tysdag 1. oktober vart ein festdag for Fjord1 og MF Stangvikfjord – det vart den offisielle dagen for overdraging frå verftet Havyard og Stangvikfjord foretok flaggbytte og kom under Fjord1s flagg.  Det er no 4 år sia båten hadde sin jomfrutur og det går vel an å kalle det vaksendåp?  Det var tidlegare ordførar Lilly Gunn Nyheim som fikk den store æra å være gudmor for Stangvikfjord,  og kunne dermed ønske båt og mannskap hell og lykke på alle hav.  

Stangvikfjord pynta til fest - klart for dåp og flaggbytte.  Foto Jon Olav Ørsal

Stangvikfjord pynta til fest – klart for dåp og flaggbytte. Foto Jon Olav Ørsal

Den nye ferga er ei såkalla nullutsleppferge, og har heilelektrisk drift.  Ho er bygd og utrusta hos Havyard i Leirvik og har plass til 149 passasjerar og på dekk er det plass til 50 personbileiningar.  Dagleg leiar i Fjord1 Dagfinn Neteland fortalte at dei har investert i 28 nye elferger dei siste åra, og var komne på etterskot med dåpshandlingar på grunn av pandemien.  Tilsaman har no Fjord 1 40 heilelektriske ferger i drift. 

Ved skipsdåp er det tradisjon at kaptein fører gudmora ombord i skipet. Lilly Gunn Nyheim og Lars Kristian Kvande.

Lilly Gunn følte det som ei stor ære, og følte stor stolthet over å få bli gudmor for  Stangvikfjord.  Ho fortalte at ho har fulgt heile prosessen med nyferga gjennom byggeperioden og var med på jomfruturen for fire år sia. Gudmorrollen lova ho å ta på største alvor.  Men Stangvikfjord har ikkje berre lokal gudmor – kapteinen på Stangvikfjord er Lars Kristian Kvande, og han er halvt Todaling, med mor og besteforeldre frå Hjellå. Lilly Gunn mottok ein gavesjekk på 15 000 frå rederiet, som hun donerte vidare til IL Søya som bl.a. driv med fotball på begge sider av fjorden og dermed er storkunde.  

Omsider kom Fjord1 flagget på plass på Stangvikfjord. Foto Jon Olav Ørsal

Etter dåpsseremoni og flaggbytte vart alle som var med på dåpen invitert opp i salongen, og her vart det servert både snitter, sveler og marsipankake til kaffen  – og i mens gikk Stangvikfjord inn i ruta igjen og tok med heile selskapet på ein tur til Rykkjem med den første lasten etter dåpspausen.  

Lars Kristian Kvande som er kapteein ombord har sikra seg eit kakestykke til kaffen. Foto Jon Olav Ørsal

Det vart skikkeleg kaffelag i salongen – her vart det servert både marsipankake, svelar og snittar til kaffen. Foto Jon Olav Ørsal

Litt historikk til slutt – har er bilde av alle fergene som har vore stasjonert i sambande Kvanne – Rykkjem gjennom tidene. Foto frå salongen ombord på Stangvikfjord.

Publisert: 1. oktober 2024, 16:45