Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein feiande tur rundt bygda

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. mai 2024

I dag trefte vi feiemaskina til Veidekke i full gang med å feie vekk sand og støv frå vegane.  Ola Svinsås satt bak rattet på feiemaskina, og han hadde som oppdraga å feie fylkesvegen inn til Todalen og Todalsøra, samt fylkesvegane rundt bygda om Brusetbrua. 

Her kjøres feiemaskina forbi Talgø-fabrikken. Foto Jon Olav Ørsal

Det blir mykje støv etter all strøsanden som er bruka på vegane i løpet av vinteren.  Med feiemaskina får ein iallfall samla opp det meste av sanden som ligg att på vegen, og det vil redusere støvplaga betrakteleg.  Det er bra at denne jobben blir unnagjort før 17. mai, for da er det tradisjonelt biltog frå Matkroken til Brusetmarka og retur til Todalen ungdomshus. 

Publisert: 8. mai 2024, 07:24