Det går faktisk ikkje an å få betre forhold for å kose seg med fotball enn den vêrtypen vi har hatt på Bordholmen i dag. Det var knallblå himmel og sol heile dagen, men samtidig litt vintrekk – slik at det ikkje vart for varmt. I løpet av dagen har det vore 66 fotballkampar og jammen er det imponerande så sjå på alle dei dyktig fotballspelarane som har vore i aksjon i dag.
Todalen idrettslag har alltid hatt som intensjon at alle som har delteke på Todalsdagen alltid skulle ha med seg berre gode minner når dei drog ut gjennom Svinviktunellen – det trur eg faktisk at arrangøren fikk til i dag. Alle var blide og fornøyde, og ingen sure miner om vi måtte vente litt. Venting vart det forresten lite av, for speaker Magne Hansen hadde eit stramt tidsskjema på klokka si og det fulgte han til punkt og prikke.
Til slutt var det bronsefinale og gullfinale i klassen for dei to laga som kvalifiserte seg i lilleputt. Bronsefinalen vart eit oppgjør mellom Surnadal G-11 og Oppdal. Her vart nok Oppdal sterkast og vann etter kvart 6-0 og dermed sikra Oppdal seg bronseplassen. I hovudfinalen stod kampen mellom Kattem og CFK, og her vart det Kattem som trekte det lengste strået, og sluttresultat vart også i denne kampen 6-0 for Kattem.
Vi har lagt ut eit utval bilder frå og plukket litt fra mange av dei 66 kampane. Alle foto: Jon Olav Ørsal