Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein epoke er over i Svinvika

Elinor Bolme Torsdag 17. desember 2015

Søndag var mest truleg ein vemodig dag for familien Svinvik i Svinvika. Etter mange hundre år med kjøttproduksjon på garden, sendte Sven Olav og Gunn Tove frå seg krøttera. Dei gir seg no som mjølkeprodusentar, og leiger bort mjølkekvoten til den nye samfrifta i Pestua. Krøttera vart dermed frakta med dyretransport inn til Todalen for sin nye tilværelse.

Fordi om dei totalt 17 mjølkekyrne no har gjort hallagardingar av seg, blir dei mange lamaane att i Svinvika. Så heilt fritt for husdyrhald blir det heldigvis ikkje på garden.

 

svinvika

Og dei første tek plass, med god hjelp av sjåfør Oddvar Tiset.

svinvika

Alle mann om bord, og dørene lukkes.

 

svinvika

Deretter bars det inn til Todalen og Pestua for både nye bekjentskap og mjølkelitrar.

Foto: Sven Olav Svinvik.

 

 

 

 

 

 

 

Publisert: 17. desember 2015, 23:04