Dagens landbrukskonferanse i kulturhuset samla nærare 120 deltakarar og vitnar om at landbruksnæringa står sterkt i Surnadal. Konferansen er eit samarbeid mellom Surnadal Sparebank, Surnadal kommune, Surnadal bondelag og Todalen bondelag, og har vore arrangert kvart år sia 2007 og er fagleg påfyll med sitt mangfaldige program.
For konferansen hadde litt av kvart å by på, og starta med at ordføraren i Surnadal, Margrete Svinvik, ønska velkomen. Ho var stolt av landbruket i kommunen som er ein av dei største jordbrukskommunane i fylket. Ho refererte til tal som viser at Surnadal produserer nok kjøtt til å dekke årsbehovet til 17.000 personar og nok mjølk og meieriprodukt til heile 39.000 personar.
I fortsettinga hadde konferansier Svein Sæter samla 3 svineprodusentar til fagleg «grilling» på scena. Det var John E. Fiske, Arne Heggset og Jon Arne Lesund som fortalte om kvardagen i grisefjøset og utfordringane dei har med produktivitet og dyrevelferd/helse. I Surnadal er det i dag 6 svineprodusentar og halvparten var samla her. Dei fortale om samarbeid og bl.a. felles tiltak for å halde sjukdomen MRSA unna grisefjøsa i Surnadal.
I neste programpost var det Christian Anton Smedshaug som drog dei store linjene mellom trendar og etterspørsel i jordbruket. Smedsrud er dagleg leiar i AgriAnalyse, og kom innpå både handelspolitikk og politisk økonomi i jordbrukssamanheng i sitt innslag.
Neste post var Jon Magne Sæter som tok for seg emnet «Miljøperspektiv fra en maskinleverandør». Han er dagleg leiar ved Eiksenteret og orienterte om selskapet han leiar og hadde eit interessant innslag om den teknologiske utviklinga i landbruket og kva moglegheiter den vidare utviklinga opnar for.
Etter lunch fortsette konferansen med Live Svalastog Skinnes som foredragshaldar, og emnet ho tok for seg var å «Sjå moglegheitene rundt deg». Ho fortalte om eiga verksemd, der ho heilt sia ho i barndommen solte hestemøkk, singelfryste bringebær og rideturar på stranda heime i Krødsherad.
Neste post var «Mjølkas framtid» der vi skulle få eit innslag om kva som skjer i Tine når produksjonen av Jarlsbergost for eksport blir flytta til utlandet. Nils Asle Dolmset, nestleiar i Tine, hadde imidlertid meldt forfall, så Nina Kolltveit Sæter steppa derfor inn på kort «vikar» og kom seg godt ut av det.
Heilt til slutt var turen komen til sauebonde Odin Jensenius (Klaus Joachim Sonstad) som tok oss med på eit litt meir humoristisk innslag om H-Touch og EPEK – Ekspert på elektronisk kommunikasjon – som nok hadde ein stor porsjon alvor i seg.
Bildegalleri frå dagens landbrukskonferanse – alle bilde: Jon Olav Ørsal