Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein bra World Cup-dag i Courchevel

Jon Olav Ørsal Sundag 15. desember 2024

I dag har det vore konkurrert i vertikal i dei franske alpane.  Det har vore 7 deltakarar frå Randoneelandslaget – ein deltakar i dameklassen og 6 i herreklassen for seniorar.  Erik Kårvatn var også i dag einaste deltakar frå Trollheimen fjellsportklubb og han hamna på 43. plass, medan Trym Dalset Lødøen vart beste norske på 29. plass og Hans-Inge Klette nest beste norske på 33. plass av 95 deltakarar i herreklassen.

Start og målgang var inne i bykjerna i Courchevel. (Skjermdump)

Elles hamna vegard Øie på 53. plass, Sander Engdahl på 70. plass og Gjermund Eide Bratberg på 82. plass. – I dameklassen kom Ida Wadahl på 34.plass i konkurranse med 60 andre deltakarar.  Totalt viser dagens resultat vidser at det norske landslaget held koken bra og har god grunn til å være nøgde med resultatet. Det er mange sterke løparar nedøver resultatliste, så dette lover bra for  25-sesongen som startar for fullt rett over nyttår for seniorane.

Erik i farta – i dag vart det 43.-plass i konkurranse med 95 deltakarar. (Skjermdump)

 

Publisert: 15. desember 2024, 15:15