Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eigenberedskapsveka 2022

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 30. oktober 2022

31. oktober startar den landsdekkande kampanjeveka om eigenberedskap. I Surnadal kommune er det sanitetsforeiningane i Todalen og Surnadal, som vil stå for markeringane av eigenberedskapsveka, med arrangement rundt om i kommunen. I Todalen skjer dette onsdag 2. november på Matkroken Todalen.

Du bør kunne klare deg sjølv i minst tre døgn
Har du alt du treng for å klare deg sjølv i minst tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte.

– Målet med Eigenberedskapsveka 2022, som blir gjennomført 31. oktober – 6. november, er å gjere oss betre rusta til å stå imot kriser. Du har truleg allereie mykje av det du treng for å klare deg sjølv i tre døgn, så ofte er det ikkje så mykje som skal til for at du og dine næraste blir litt betre førebudde, seier Råg Ranes, som er beredskapskoordinator i Surnadal kommune.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Norge å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggarar.

Eksempel på beredskapslager:

  • 9 liter vatn per person, sikkerhverdag.no/din-beredskap
  • to pakkar knekkebrød per person
  • ein pakke havregryn per person
  • tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
  • tre boksar med pålegg med lang haldbarheit per person
  • nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
  • medisinar du er avhengig av
  • ved-, gass eller parafinomn til oppvarming
  • grill eller kokeapparat som går på gass
  • stearinlys, lommelykt med batteri eller parafinlampe
  • fyrstikker eller lighter
  • varme klede, pledd og sovepose
  • førstehjelpspakke
  • batteridriven DAB-radio
  • batteri, ladet batteribank og mobillader til bilen
  • våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
  • tørke-/toalettpapir
  • sanitetsprodukt
  • litt kontantar
  • ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/rødsprit til oppvarming og matlaging
  • jodtablettar ved atomhendingar skal KUN takast dersom nasjonale myndigheiter varslar at dette er nødvendig og KUN dersom du er under 40 år, gravid eller ammande. Les meir på dsa.no

Omsorgs- og beredskapsgruppa i Todalen sanitetsforening vil altså markere eigenberedskapsveka 2022 med stand på Matkroken Todalen. Dette skjer onsdag 2. november frå klokka 10:00, kan Jorunn Hals Ørsal. Ho ønsker alle todalingar velkommen innom for ein prat om eigenberedskap!

Kvifor kjem eigenberedskapsråda no?
Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.

Vi som bur i Norge – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare.

Du er ein del av beredskapen i Norge
Sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.

– Ved å vere førebudd bidreg du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Norge, seier Ranes.

Først publisert: 30. oktober 2022, 07:00 - Sist oppdatert: 27. oktober 2022, 21:05