Eigedomsskatt 2023
Eigedomsskatten for i Surnadal kommune for 2023 er utskriven i tråd med kommuunestyret sitt vedtak den 15. desember 2022 i K-sak 74/22.
Eigedomsskattelista og fritakslista for eigedomsskatt i Surnadal kommune, er også lagt ut til offentleg ettersyn i ekspedisjonen på kommunehuset frå og med i dag.
Satsen for eigedomsskatt er 7 promille av taksten, med unntak for bustadar og fritidsbustader der satsen er 3,41 promille av berekningsgrunnlaget. Eiendomsskatten blir fakturert saman med kommunale avgifter i fire terminar kvart år.
Klage på eigedomsskatt
Eventuell klage på eigedomsskattetaksten kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på det same grunnlag tidlegare.
Klagen skal være skriftleg og sendast til: Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal eller på e-post til: post@surnadal.kommune.no.
Klagesfristen er 12. april.