Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

EIgarskifte på Halsbua frå 1. januar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 15. september 2025

Frå 1. januar 2026 blir det eigarskifte på Halsbua – Matkroken Todalen. Sondre Halset tek da over drifta av L Hals Eftf AS i sitt eige selskap L Hals AS. Nytt selskap kjøper altså all «innmat» frå L Hals Eftf AS, herunder hyller, reoler, kjølarar, frysarar, drivstoffanlegg, og alt anna inventar samt alt av varelager, og vil leige heile bygget frå Terje Nordvik. Sjølv om nytt selskap tek over, skal arven etter L Hals Eftf. AS videreførast på best mogleg måte, og «Halsbua» vil bestå meir eller mindre i same drakt.

– Det er med ærefrykt at eg no tek over stafettpinnen etter Terje N., og Jorid som no har drifta bua på prøve i over eitt år. Sjølv om eg no går inn som 100% eigar og dagleg leiar, får eg med meg Jorid som fungerande butikksjef. Ho har vore ein bauta i butikkyrket i snart 30 år, kjenner butikken ut og inn, og hennar kompetanse er uvurderleg for vidare drift. I starten skal eg kombinere butikk med jobben som IT-leder i BDO Trondheim, men blir etter kvart å sjå mellom hyllene på Halsbua. Det vil ikkje bli dei store endringane, då drifta av butikken har vore svært god, og den same gode servicen skal vi fortsette med. Å drive butikk på landsbygda er utfordrande, så no er det særs viktig at bygdafolket kjenner sin besøkelsestid. Butikken må brukast i dag for å behalda den i morgon, både som nærbutikk, men og som sosialt samlingspunkt, fortel Sondre. 

Det var Driva som først publiserte saka, og du kan lese den saka her.

Alle spørsmål vedrørande overtakinga kan rettast til Sondre Halset på telefon 476 39 009.


Litt kortfatta historikk gjennom 113 år

Butikken vart starta på Todalsøra i 1912 av Lars Hals som var gift med Ingeborg som var søster til Edvard Nordvik. Lars Hals døde i ei bilulykke i 30 åra, og frå da av vart butikken driven av sonen Johan Hals og Edvard Nordvik. Firma vart da L. Hals Eftf. Edvard, som var far til Terje N, døde da Terje var berre 13 år, og da fekk Terje testamentert farens eigarandel (50 %) frå 1966. Det var da mora Laura N. som saman med Johan Hals (som var butikksjef) dreiv butikken vidare. Og slik vart butikken driven i heile ungdomstida til Terje.

Terje N har altså eigd butikken 50 % frå 1966 til 1983. I 1983 kjøpte han ut eigardelen til Johan Hals, som da ville bli pensjonist, – og eigde da butikken 100 % åleine. Terje starta sommaren 1983 med å byggja ny butikk på Kvendset. Den vart opna den 29. mars 1984. Terje var på den tida vekependlar til arbeid i Trondheim, men var heime kvar helg til han i 1991 flytta permanent til Todalen.

I januar 1985 vart Ragnar Halle tilsett som «butikkdreng» med dagleg ansvar med å ta seg av den daglege drifta, men dei siste 23 åra har Terje N hatt sitt hovudvirke på butikken.

Økonomien i butikkdrifta har vore litt opp og ned gjennom dei 113 åra. – Å driva nærbutikk i dag er ikkje enkelt, men Halsbua har klart å halde hovudet over vatnet.

Takka vere god hjelp og støtte frå Merkurprogrammet, har vi i dag ein relativt oppdatert og moderne butikk- og drivstoffanlegg på Kvennset.


 

Publisert: 15. september 2025, 12:00