Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ei verdig minnemarkering av hundreårsdagen til Alf

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. september 2024

Det vart ei flott minnemarkering av Alf Ramsøy sin hundreårsdag, med allsidig feiring både utomhus og innomhus gjennom laurdagen. Feirings starta med rundtur om Ramsøya og Halanesset og vidare rundtur om Nessaøra.  Jubileet hadde base i Skulstuå, og det var også lagt opp til mange forskjellige aktivitetar der og i lokala til Todalen skule. 

Frå arrangementet i gymsalen der det var foredrag med Svein Sæter og tale for dagen med kultursjeg Lilli Husby. Foto Jon Olav Ørsal

Svein Åge Saksen hadde laga film frå Alf sin 80-årsdag som var vist i eit av klasseroma, medan Surnadal fotoklubb hadde laga lyd/bildeshov der Alf las dikt av Hans Hyldbakk i eit anna klasserom.  Biblioteket var rigga om til restaurant, der det var sal av lapskaus og dravle, medan det var sal av kaffe/sjokolade og kaker i Skulstua der det var rigga til kaffeteria både ute og inne. 

Ballbingen og hoppeslottet var i bruk heile dagen – her vart det både mange mål og lange omgangar. Foto Jon Olav Ørsal

Ikkje minst var det stor aktivitet i ballbingen og i hoppeslottet – der vart det ein travel dag for den yngre garde, med både mange mål og lange omgangar utover heile dagen.  Det var også eit stort behov for å treffast og ta ein kaffekopp i lag med naboen eller ein slektning.  

Registrering og gratislotteri – frå venstre Liv Larsen, Synnøve Talgø og Ragna Kvendset. Foto jon Olav Ørsal

Litt seinare på dagen var det tid for å samlast i gymnastikksalen, der kultursjef Lilli Husby heldt tale for dagen som skulle markere 100-årdagen til Alf.  Ho takka for at Skulstua tok initiativ til å markere 100-årsdagen som Torgeir Leivdal starta med ein hallingen etter hallvard Ørsal.  Lilli var imponert over turen rundt Ramsøya og Halanesset og skjønte at Alf var sterkt knytt til heimplassen. Arrangementet i Skulen var ho og imponert over og tykete det minte henn om 17.-maifeiringa heime.  

Jorun og Rune Hanem frå Meisingset demonstrerte todalspols for oss – kanskje det blir polsdanskurs igjen ? Foto Jon Olav Ørsal

Etterpå var det turen til Jorun og Rune Hanem frå Meisingset som fortalte om todalspolsen og som demonstrerte dansen for oss med Haukåas polsdans med Torgeir Leivdal. – Rune fortalte om Todalspolsen som er spesielt godt bevart og kva som gjer den så spesiell.  Etterpå fortalte Ragna Kvendset om Alf sin rolle med etableringa av stiftelsen Skulstua og kva dei står for i dag. 

Svein Sæter heldt eit interessant foredrag med mange gode historier ettr Alf Ramsøy. Foto Jon Olav Ørsal

Siste post på programmet var Svein Sæters foredrag om Alf.  Svein la for dagen ein utruleg viten om Alf, og han liv og virke oppgjennom eit langt liv.  – Sæter la spesielt vekt på den tida Alf var i Oslo frå slutten av førtitalet og ein tiårsperiode.  Her fekk vi høyre historier frå BUL-miljøet – Alf gjorde mange imponerande idrettsprestasjoner i den perioden – både i sommar og vinteridrett.  Samtidig gjorden han seg bemerka i teaterverdenen, gjennom heile 28 oppsettingar på Det norske teatret og deltaking i mange filmar.  Lokalt har Alf vore delaktig i mykje arbeid for å fremme den lokale kulturen – for det arbeidet vart han heidra med både Kleivaprisen og Målprisen på 80-årsdagen.  

Nedafor har vi lagt ut eit bildegalleri frå jubileumsdagen i Skulstua/Todalen skule – her treffer du kanskje kjentfolk?  Alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 14. september 2024, 19:12