Valet nærmar seg fort, og det er berre ei veke att før vi skal gå til vallokala og si vår meining i form av stemmegjeving. I dag var Surnadal Arbeidarparti på Todalsvisitt, med stand utafor Matkroken L. Hals.
Dei var på plass medan det var kioskope, og det var ein del folk som stakk innom standen på veg inn- eller ut av butikken. Ordførarkandidat Annett Ranes og hennar stab var mest ute for å høyre kva velgarane hadde på hjarta her i Todalen, og understreka kor viktig det er å bruke stemmeretten.
I Surnadal er stemmelokalet i Surnadal kulturhus ope søndag 8.9. frå kl 14.00 – 19.00, og her kan alle kretsar stemme søndag. I Todalen er vallokalet på Todalen oppvekstsenter, og er ope måndag 9. 9. frå kl. 12.00 – kl. 20.00.