Siste nytt på bokfronten er nok Astrid berit Hindhammer og mora Solveig Ørsal Hindhammer, som har skrevet slekts- og historiebok om slekta si. Dei to tek utgangspunkt i Ola og Ane (Anne) Ørsal og folket i Ørsalgeilen, og viser slektsforgreiningar både attover og framover, og kvar dei mange etterkomarane har hamna og kva dei har drive med gjennom tida.
Dersom det er interesse for boka her i Todalen så kan dei to tenkje seg å ta ein tur til Todalen for å by fram boka til interesserte kjøparar. – Om nok folk er interesserte, kjem vi gjerne og sel den nyskrevne boka «Ei todalsslekt» på lokalbutikken i Todalen ein dag i løpet av dei to første vekene av november. For interesse, send oss ei lita melding på facebook-sida Boka «Ei todalsslekt» eller ei tekstmelding/sms til mobiltlf. 979 87 846 (Solveig Ørsal Hindhammer). Førehandsbestilling er også mogleg.
Astrid har skrevet litt om boka:
Med meir 2 års forskning, har vi skreve ei bok med våre stamforeldre Ola og Anne (eller Ane) Ørsal som utgangspunkt og struktur.
Boka består av tre parallelle innfallsvinklar, den tradisjonelle bygdebok-formen, bygdehistorie og særkaitlar med interessante og spanande historier.
Innhaldet er kjennbart for mange, også utanfor våre aner. Kanskje finn du noko du aldri har lese om i ei bygdebok?
Folk rundt om i distriktet kan også kanskje finne seg sjølve eller nokon frå si slekt, i boka.
Til dømes hadde ein av våre stamfedre, Torstein Einarson Hyllnesbukta («Torstein Bukt’n), mange søsken som spredde seg med eigne familiar omkring.
I tillegg til at boka er full av både gamle og nye bilete, inneheld den ei grundig oversikt over alle slektsforgreiningar av Ørsalgeil-slekta både framover og bakover i tid (nokre gonger så langt tilbake som til høgmiddelalderen).
Dei mange tema vi har skreve om, kretsar først og framst kring folk og husmannsliv i Todalen og omegn frå 1700-talet og utover: Alt frå om barnearbeid rundt om på gardane, om kva som hende med todalingar som reiste til Amerika eller kvifor folk frå t.d. Lesja og Dovre kom til bygda.
Boktittel: «Ei todalsslekt», av Astrid Berit Hindhammer og Solveig Ørsal Hindhammer
Sjanger: Lokalhistorie. Sidetal: Over 220. Hardperm. Pris: 480 kr pr. bok.
Skrevet av Astrid B. Hindhammer