Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ei magisk reise til Lykkeland

Elinor Bolme Fredag 14. oktober 2016

I går kveld hadde Svanhild Husby og hennar ensemble på rundt 30 aktørar premiere på forestillinga Lykkeland. Ei forestilling som speglar både oppveksten og vaksenlivet til Svanhild og hennar næraste. Ei forestilling der ein blir teken med i Svanhilds univers som inneheld heile fargeskalaen; frå lysaste kvit til mørkaste svart, men også med mange fargerike innslag som motvekt til det litt triste og til tider sørgelege.

For sammensetninga til forestillinga Lykkeland er litt komplisert, som livet til Svanhild og familien i rundt har vore. Som kanskje ikkje alltid kom så godt fram under turbulente barneår. Og som ho med sine tekster får formidla på ein fin måte. Både sjølv, og med andre aktørar til å framføre. Svanhild sjølv retta ein stor takk til ekteparet Linda  og Frank sPoon Botten som har bistått med det meste for å verkeleggjera dette prosjektet. Både med gjennomføring av oppsetninga, og ikkje minst innspeling av CDen Lykkeland.

For dei som har skaffa seg billettar til forestillinga i morgon eller laurdag; sett dykk godt tilbake og følg oppturar og nedturar. Og for dei andre; ledige billettar på billettluka.no så deter ikkje noko å vente med..

Under er nokre smakebitar frå premiereforestillinga, kun teke med telefon denne gong.

lykkeland

Søster Janne Husby i ei nydeleg soloframføring.

lykkeland

Drosje på Skei var før i tida eit c-moment med lange køar og litt vel lokalkjente på drosjesentralen.

img_8692

Når Hildegunn og Holger (Gøran Bolme) entrar scena sitt alltid latteren laust.

img_8689

Med seg på laget har Svanhild med seg både eigne døtre, alle tre søstrene og tanteungar til nydelege framføringar. Både med song og dans.

img_8686

Så å seie alle songinnslag hadde bildeframvisning i bakgrunnen. Dei aller fleste teke av Janne Skei, og dette kompletterte og forsterka forestillinga. Her er det vokal ved Ellinor Husby og hennar dotter Mira.

Først publisert: 14. oktober 2016, 03:58 - Sist oppdatert: 13. oktober 2016, 23:15