Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ei lita påminning om ein vinter i anmarsj…

Jon Olav Ørsal Fredag 24. september 2021

Nysnø så langt ned som til Bjøråskarvatnet er nok ei lita påminning om at ei ny årstid er like rundt hjørnet.  Bjøråskarsvatnet litt på 977 m.o.h. og det er jammen ikkje så mange vekene sia den siste snøen forsvar i det same området.  Over Dovrefjell var vegen stengt ein periode i dag på grunn av vanskelege kjøreforhold og fleire utførkøyringar som krevde bilberging.

Det er vel litt tidleg å sette på vinterdekk enno, men dersom du skal over fjellovergangar eller være borte med bil over ein periode så vil det nok lønne seg å tenke på vinterdekka.  Reglane er greie, og seier at du skal være skodd for det føret du køyrer på.  Fritt fram for piggdekk er det ikkje før 1. november, men piggfrie dekk kan du bestemme sjølv når du vil legge på.  

 

Publisert: 24. september 2021, 16:27