Onsdag 23.desember, ved midnatt, var årets storviltjakt slutt. Så no blir det pause fram til den 1.september for storviltjegerane. Dei oppdaterte tala syner at det i Todalen er skote totalt 60 dyr. Det er skote 40 hjortar, 5 elgar og 15 rådyr. Dei tilsvarande tala i 2019 var 35 hjort, 2 elgar og 13 rådyr. Det betyr at det i år er skote totalt 10 dyr meir enn i fjor.
Rapport frå elgjakta på Terråk 2020 Av: Torbjørn Larsen
Torbjørn Larsen, som er med på jaktlaget på sørsida i Todalen, har sendt oss ein liten rapport frå elgjakta på Urvoll på Terråk. Terråk ligg i Bindal kommune i Nordland fylke. Han og nokre av jaktkompisane på sørsida, saman med nokre andre, bruker å ta ei veke med elgjakt på Terråk kvar haust. Dette har dei gjort i mange år no, og det har dei planer om å fortsette med, fortel Torbjørn.
Torbjørn skriv: «Til den som lurte på kvifor det var stilt på sørsida nokre helger i haust så var det fordi Ståle med sin hær var på elgjakt. Skribent Torbjørn takkar for ein god jaktsesong og ser fram til september 2021. God Jul!»