Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ei kjempe har gått overende

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. februar 2024

Da Ragnhild og John Moe var ute på ein trimtur i Øyalia i dag, oppdaga dei at ei av dei to største furuene var gått overende.  Det var nok under siste stormen at belastninga vart for stor, og dermed måtte gi opp.  Todalen.no fikk eit par bilder frå Ragnhild, og dermed tok vi kontakt med Ståle Ansnes som er grunneigar og som har god kjennskap til dei to store furuene som har heldt kvarandre med selskap lenge – kanskje så lenge som 250 år.

Ståle hadde ikkje oppdaga at stortåillå hadde gått overende før han fikk beskjed av Ragnhild og John. Foto Jon Olav Ørsal

Vi fekk med oss Ståle oppi lia for å sjå på «stortåillå» som no ligg på ryggen oppå ein lyngrabb.  Ståle hadde med målband, og fann ut at den hadde ein lengde på 22 meter og at midtmålet på furua var 65 cm – altså diameteren målt 11 meter opp på stammen.  Dermed rekna vi fort ut at «stortåillå» er rundt rekna på 7 kubikk.  Med ei eigenvekt på rundt 700 kg pr kubikk kan ein rekne med at vekta på furustammen er rundt 5 tonn. 

Hjorten har alt vunne seg til å barke store deler av furua. Foto Jon Olav Ørsal

«Stårtåillå» som står att ser ut til å være omtrent like stor og kanskje også like gammel.  Det tek no lang tid å ale fram slike store trær – kanskje er disse to trea rundt 250 år.  Ståle trur imidlertid at det har vore lite tilvekst den siste mannsalderen.  Ståle var heller ikkje klar over av «stortåillå» var gått overende, så han har ikkje fått bydd ho fram for sal enno.  Han rekna med at det gamle treet er verdt ein god slump, dersom har finn den rette kjøparen. 

Den andre stortåilla skal få stå, seier Ståle – den er kanskje 250 år og omtrent like stor som den som har gått overende. Foto Jon Olav Ørsal

«Stårtåillå» står ikkje så langt frå skogsvegen, så Ståle reknar med at det skal gå greit å frakte ho ned på lunningsplassen ved Ungdomshuset.  Han ser for seg at det må bli Per Gjeldnes med den største gravemaskina som må tre støttande til når den operasjonent blir sett i verk. 

Furua var stor alt på 80-talen – her er Gunnar Ansnes og Olaf Talgø fotografert ved «Stortåilla» – truleg i 1984. Foto: historielagets fotoarkiv.

Publisert: 24. februar 2024, 18:09