Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Egg i lange baner i Pestua

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. april 2020

Vi brukar 7,5 mill. egg kvar dag, og er storforbrukarar av egg i påskedagane.  – Det merkar vi godt, seier Maren Ansnes hos Pestua gard, for Prior har nærast henta egg etterkvart som hønene har vorpe den siste tida.  Maren var i full jobb med pakking av egg da vi stakk innom, og ho var utstyrt med ansiktsmaske og godt påkledd der ho overvaka pakkeautomaten som skulle pakke 7500 egg som er dagens produksjon.

Tor Asbjørn hjelper bestemor Maren å samle inn egg som er lagt utafor verpeboksane som blir henta inn av banen. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er ikkje akkurat med tanke på «korona-tida» at ho er utstyrt  maske, men derimot er det støvplaga. For eit års tid sia vart det investert i ny innreiing med tanke på «lausdrift» i hønsehuset. Det fører med seg meir støv, og støvet blir rista laus på transportbandet som går frå hønsehuset til pakkeavdelinga.

Maren fortel at det er ikkje noko nytt med Antibac og desinfeksjonsmiler i hønsehuset.  Det er heilt nødvendig for oss å halde unna sjukdomar, og difor har vi alltid bruka reine klede og desinfeksjonsmiddel når vi skal inn i hønehuset.  Dermed har vi klart å halde sjukdomen unna hønehuset i alle år, til tross for at hønene er lett utsett for slikt.

Antibac hører med. Men her i hønehuset har vi hatt strenge krav til reinslegheit heile tida, og dette er ikkje noko nytt for oss, seier Maren. Foto: Jon Olav Ørsal

Da vi var innom kom barnebarnet Tor Asbjørn innom for å hjelpe bestemor å hente ut egg som var lagt utafor transportbanen.  Det høver godt med ein slik jobb no, når det har vore heimeskule og når det no blir påskeferie. Tor Asbjørn sjekkar om det er nokon av hønene som «hanglar» og kanskje treng litt ekstra stell for å kome til hektene igjen.

Som sagt blir det bruka ekstra mykje egg i påsketida, både til pynting av påskeegg og til matlaging og ikkje minst frukostegg – enten koka eller stekt.  På spørsmål om kva som er favoritten for Tor Asbjørn og bestemor Maren, så har dei forskjellig oppfatning av det. Tor Asbjørn er rask til å svare pannekaker, medan bestemor Maren held ein knapp på omelett.  – Vi brukar mykje egg, både til baking og anna matlaging, seier Maren.  Det bli nokre knekkegg kvar dag, og dei må vi berre bruke opp.

Oppskrift på omelett
Maren har forresten ei god oppskrift på omelett som vi trygt kan anbefale, både som enkel, kortreist og god mat: 
Bruk 2 egg per person, og 1-1 ½ spiseskei med væske. Vidare litt salt, pepparmiks eller kvitløkspeppar, og litt timian.  Strø på litt hakket skinke og litt baconbitar. Bruk smør i panna og heilmjølk som væske – det tykkjer eg blir best, seier Maren til slutt.

Klar for jobb i hønhuset. Tor Asbjørn tykkjer det er greit å hjelpe bestemor maren i hønehuset – fint med avveksling frå heimeskule og heimepåske. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 9. april 2020, 21:34