Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eg er så stolt tå dåkkår…

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. april 2025

Vi seglar i medvind og vi har så mange som seier ja når dei blir spurt…  Liv Botten som er leiar i Surnadal demensforening og helselag var var raus med ros i dag da laget feira medlem nr 30.000 i nasjonalforeninga på landsbasis – medlem nr 30.000 vart nemleg Reidun Dønnem Nerland som vart verva for nokre dagar sia.  Liv og gjengen ho har med seg i demensforeninga har gjort ein kjempejobb med verving av nye medlemar – no er dei 364 medlemar i Surnadal, og dei er nest største foreninga i Noreg. Berre Oslo by har fleire. 

Tysdag kom Tone Tallaksen og Tone Torseth Benjaminsen til Surnadal for å feire Reidun Dønnem Nerland som var medlem nr 30.000 nasjonalt. Her vanka det diplom, blomster og gavekort. Foto Jon Olav Ørsal

I dag kom daglig leiar Tone Tallaksen og akt. koordinator Tone Torseth Benjaminsen frå fylkeskontoret til Surnadal for å feire – dei hadde med seg ei stor blautkake og ein flott diplom for å markere at dei hadde passert ein milepæl.  Nasjonalforeninga står sterkt i Møre og Romsdal og er det største fylket med over 4.100 medlemar.  Her er det altså 2 bla Tone som styrer, og no var dei altså glade for å markere milepælen i lag med mange av dei aktive medlemane på Frivilligsentralen i Surnadal. Totalt er det 59 lag som høyrer til fylkeslaget i Møre og Romsdal.  

Feira medlem nr 30.000 i nasjoalforeninga med ei flott kake – foto Jon Olav Ørsal

Liv Botten fortalte om aktivitetane som foregår i regi av Surnadal demensforening og helselag – Liv snakka seg varm da ho lista opp alle aktivitetane, for har foregår det litt tå kvart.  I dag var det egentleg Tirsdagsklubben som hadde arrangement, men det vart litt ekstra stas i dag da.   Vi kan prøve oss på å få med det som foregår:

  • Tirsdagklubben på Frivilligsentralen
  • Songstund kvar månad på sjukeheimen
  • Sponsing av fleire turar i løpet av året – neste veke blir det tur til Valsøya
  • Nyttåsfest for eldre på hotellet
  • Fleire foredrag og filmvisninger i løpet av året
  • Hyggekaffe på sjukeheimen månadleg
  • Musikk til torsdagdansen på sjukeheimen
  • Sponsar eigne arrangement på sjukeheimen
  • Arrangerer potetnattvore
  • Folkehelseveke med hjartemarsj
  • 2 julebordarrangement
  • Kjøper inn mykje utstyr (eks. sansedyr) til sjukeheimen
  • Sponsing av kurs for tillitsvalgte og tilsette i helsetenesta

Og lista kunne vore ende lengre dersom vi skulle fått med alt.  «Vi seglar i medvind» sa Liv, og det trur vi ho har dekning for å seie – for ei stund sia fekk laget 150.000 kroner til drifta frå nasjonalforeninga – dei har tillit til gjengen i Surnadal, og ser at det blir resultat.  Vi har forresten glømt å nemne at det skal arrangerast seinsommarfest den 20. august – da har liv fått med Henning Sommero på laget for å sørge for underhaldninga.

Til Reidun vart det både gavekort, diplom og blomster. Her saman med Liv. Foto Jon Olav Ørsal

Egentleg var det Tirsdagsklubb i dag, men det vart litt ekstra – og skikkeleg kaffelag. Foto Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 29. april 2025, 14:00