Ved første augekast var det ikkje imponerande oppmøte på idrettslagets dugnad for å klargjere Bordholmen til Todalsdagen i kveld. Men etter kvart dukka det opp karar kring hus og tribuner med både river, kantryddarar, skruvjarn, vaskarbøtter og slegger. Alt av gras var slått, både på og utanfor banen, og det meste frakta bort. Også inne i klubbhuset vart det gjort ei lita opprensking.
Dugnadsbas Knut Bergli var storfornøgd med kveldens innsats, og håpar det blir like imponerande oppmøte og vel så det på fredag klokka 18 også. Da er det blandt anna oppmåling av banar, merking av Ræta-opp trassé, utsetting av benkar og rigging av telt til sekretariat og bespisning (og skygge for sola…) som står på plana.
Ellers var det lite St Hansfeiring å sjå i bygda. Grillane på Bordholmen var kalde for første gong på mange år, i følge dei som hadde kontroll på urgamle todalstradisjonar (ref. Stangvikboka).
Under er eit galleri frå første dugnadskveld denne veka. Alle foto ElinorB