Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Edvard Hoem til Surnadal

Elinor Bolme Onsdag 19. oktober 2016

Indre Nordmøre Senioruniversitet har møte på Kulturhuset i Surnadal onsdag 26.oktober 2016 kl 1100. Denne gongen har dei fått Edvard Hoem til å komme til Storstua og fortelje om den nye utvandrartrilogien sin:
Slåttekar i himmelen – Bror din på prærien – Land ingen har sett.

Romsdalingen Edvard Hoem, fødd i 1949, gjorde seg gjeldande som forfattar alt i 20-åra. Han debuterte som lyrikar, men gjennombrotet hans som forfattar var kanskje romanen «Kjærleikens ferjereiser» frå 1974. Han har vore ein maurflittig forfattar, med lyrikk, salmar, teaterstykke og romanar, i tillegg til omsettingar og gjendiktingar. I eit intervju for ein del år sidan meinte han at om han ikkje var forfattar, kunne han ha tenkt seg å vere historikar, og her har han demonstrert evnene sine både gjennom det 4 bind store verket om Bjørnstjerne Bjørnson, men og i bøker som til dømes «Kom fram fyrste!» om den siste katolske erkebiskopen, Olav Engelbrektsson. Og han har ikkje isolert seg i skrivestova si, men har vore og er ein aktiv samfunnsdebattant, til dømes i EU-striden, i fredsarbeid, og i språkstriden.

I fleire av bøkene bygger han på nærgåande studiar frå si eiga familie- og slektshistorie, som t.d. i «Mors og fars historie» frå 2005, og i den nye trilogien, som starta med «Slåttekar i himmelen» frå 2014. Folk som elles nesten ikkje har vore villig til å lese telefonkatalogen på nynorsk – les bøkene hans i store opplag, og over heile landet møter dei fram for å høyre den kunnskapsrike og engasjerte romsdalingen som i dag er vår fremste berar av den samfunnsaktive Wergeland – Bjørnson-tradisjonen i norsk litteratur.

På kulturhuset blir det servert kaffe og kake.
Billettpris: kr 200,-

ALLE ER VELKOMNE!

 

Først publisert: 19. oktober 2016, 12:00 - Sist oppdatert: 18. oktober 2016, 22:28