Ein gjengangar i media dei siste åra, der 3 delparsellar har vore eller er under utbygging. I slutten av juni var den andre parsellen som går frå Betna til Hestnes (Valsøya) som er på 12,8 km der det aller meste av strkninga er ny veg. Tidlegare er strekninga frå Lerviklandet til Renndalen opna for trafikk, og no er siste delen frå Staurset til Stormyra under arbeid og skal opnast hausten 2026. Totalt skal det bli 28 km ny veg på strekninga mellom Betna og Stormyra når prosjektet er ferdig.

På kartskissa ser vi både den nye og gamle traseen for E-39. Ny parsell startar i Betna og kjem innpå igjen ved Hestnes/Valsøya. Kartskisse Statens Vegvesen
Vi fann ut at det ville være ein høveleg søndagstur å kjøre strekninga Betna – Hestnes. Som sagt er denne strekninga 12,8 km der det meste er ny veg i urørt natur frå Betna og rett over Glåmsmyran til Klettelva, og vidare innover til Hestnes går vegen ovafor bebyggelsen på Hendset. heil 9 km av den nye vegen får 90-sone, medan det mesta av resten blir 80-sone. Den nye vegen siktar seg rett inn på vegen over Valsøya ved Hestnes.

Frå den nye vegtraseen – utsikt frå SOS-plass med Otnes og Arasvika i bakgrunnen. Foto Jon Olav Ørsal
Kontraktssummen med entreprenørselskapet Bertelsen & Garpestad var for denne delparsellen 774 mill. kroner, og jobben er utført innafor budsjett. Opprusting av heile strekninga er rekna til å koste 2,1 mrd. kroner over 6 år, og vil redusere køyrelangda med ca 5 km. Dette vil gje ein innparing på ca 7 minutt for billistane.

Vegen passerer Klettaelva med 90-sona. Fin og oversiktleg veg på heile strekninga. På strekninga Betna til Hestnes er 9 km klassifisert som 90-sone. Foto Jon Olav Ørsal