Frå laurdag ettermiddag var det ikkje muleg å koble seg opp for å laste ned eller sende e-post for «svorka.net»-kontoar.Vi fikk fleire telefonar hit til redaksjonen om dette, men alle hadde breibandtilgang. Det tyda på at var mailserverproblem hos Svorka Aksess som laga krøll.
Vi var i føremiddag i kontakt med dagleg leiar Håkon Solvik, som bekrefta at det var problem med mailserveren hos Svorka og at det vart jobba med løysing problema. I ettermiddag er e-postserveren på lufta igjen og fungerer normalt.