Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

E føle meg som ein ekte todaling

Jon Olav Ørsal Sundag 20. november 2016

Eit bokslepp er i seg sjølv kultur, men på Todalen historielags bokslapp var det nok Ola Bræin som stjal kulturshowet.  Ola Bræin har i årsskriftet for 2016  skrive om krigsåret, da familien bodde i Todalen, og han gjekk på skule her.  –  «E føle me som ein ekte todaling», sa Ola Bræin.

Laurdag ettermiddag var han altså hovudtrekkplasteret da historielagt presenterte årsskriftet, og han hadde sjølvsagt med seg munnspelet. Han kåserte om sitt kjennskap til todalsvennen Hans Kristiansen og vennskapet han hadde med faren Edvard Bræin.  Det vart ei fornøyeleg ettmiddagsstund som folk sette stor pris på.

Leiar John Moe heidra redaskjonskomiteen og gode helparar. Frå venstre John Moe, Dordi Jorunn Halle, Ragnhild A. Moe, Ingri Bruset, Marie Halset og Wenche Kvendset. Foto: Jon Olav Ørsal

Boksleppet fikk også stor fokus – Dordi Jorunn Halle som har vore sjefredakstør for årsskriftet for 2016, presenterte det nye årssskriftet med sitt innhald. Ho fortalte korleis redaksjonskomiteen har arbeidd for å få 84 sider med variert og interessant lokalhistorie mellom to permar. I årsskriftet for 2016 er det funne plass til fleire tema, som f. eks historia til barnehagan, Gjeldnesleirane, sanitetens jubileum, og historia til 60-åras saukarra – og mykje meir.

Ragnhild og Ingri viste nokre av godbitane dei har skanna til historielagets arkiv. Foto: Jon Olav Ørsal

Ingri og Ragnhild har dei seinare åra jobba mykje med skanning av gamle bilder. Dei har oppsøkt heimar og fått tilgang til gamle albumar og samla eit stor utval med historiske bilder i historielaget arkiv. På boksleppet fikk vi sjå eit utval av bildematerialet – dei viste også bilder der dei trong hjelp for å indentifisere personar som vaår med på bildeta.

På boksleppet fekk medlemane som var til stades utlevert sitt eksemplar, og det var høve til å kjøpe fleire. No kjem årsskriftet i salg på Matkroken Todalen og hos Wenche Kvendset i Viastua. I tillegg blir årsskriftet distribuert til medlemane både innafor og utafor bygda dei næraste dagane.

wenchek_larsr_6715

Historielagets medlemar får eit hefte inkludert i medlemskapet. Her er det Lars Redalen som «ordnar opp» med Wenche Kvendset. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 20. november 2016, 10:51 - Sist oppdatert: 21. november 2016, 16:57