Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

E. coli-bakteriar i fjorden ved Nordvik – unngå bading, tilrår kommunen

Jon Olav Ørsal Fredag 20. september 2024

Ein sommarleg september har forlenga badesesongen for fleire, i tillegg våre heilårs-badarar. Ved Nordvik er det påvist for høge verdiar av E. coli-bakteriar og rådet er no å unngå bading i fjorden i dette området, skriv Surnadal kommune i ei melding til Todalen.no. 

Uvisst om det er algar eller anna forurensing på Nordvikfjorden. Det skal no takast nye vassprøvar i fjorden. Foto Jenny Klinge

Inntil vidare er rådet å unngå bading i fjorden ved Nordvik.  – Grunna observasjonar i fjorden ved Nordvik no i september, vart det tatt vassprøve. Resultatet av analysen viser for høge verdiar av E. coli-bakteriar. Vi anbefaler difor at ein unngår å bade i området. 
Ny vassprøve vil bli tatt i løpet av neste veke. Det er kun ved Nordvik det er tatt prøvar. Det er difor usikkert kor stort område i Todalsfjorden som bør vere omfatta av rådet om å unngå bading i fjorden. Eventuelle oppfølgingsspørsmål vdr. påvist  nivå av E. coli i fjorden kan rettast til vår miljøvernrådgivar Staffan Sandberg
Publisert: 20. september 2024, 09:36