Elevane ved Todalen oppvekstsenter nytta siste skuledagen i aksjonsveka «Hald Midt-Norge reint» til strandrydding i Todalsøran naturreservat. Dei hadde base på Bordholmen, og plukka søppel i sjøkanten i retning småbåthamna og sørover mot Toåa og Halsabrua.

Todalsøran naturreservat omfattar elvaosen og område på Kvennsetøran og Hallsetøran. Foto: Dordi J H
Elevane fann mindre søppel enn forventa. Så dei var litt skuffa over mengda dei kunne plukke, men samstundes glade for at det var så lite plast og anna søppel i reservatet – «Det er no eigenleg kjempebra,» slo dei fast.
Todalsøran naturreservat vart oppretta i 2002 for å ta vare på «eit relativt urørt elvedelta med botaniske, zoologiske og geomorfologiske verneverdiar.»
Etter fin dugnadsinnsats var det tid for mat og leik på Bordholmen i godt ver.
Elevane kunne fortelje at dei for eit år sidan hadde strandrydding ute i Vorphaugen, der var det derimot meir søppel enn dei kunne handtere. Så kanskje bør vaksne i år ta ansvar for strandrydding i det området.