Søndag vart det arrangert distriktsprøve for gjetarhundar på treningsområdet ved Nordholten. Det var Midtnorge gjetarhundlag som stod som arrangør, og det var både godkjenningsprøve for gjetarhundar og konkurranse dem i mellom – altså kunkurranse i både klasse 1 og klasse 2.
Det var nok flest deltakarar lokalt frå både Surnadal, Sunndal, Rindal og Heim kommunar, men det var deltakarar frå heile Midtnorge. I klasse 1 var det 8 deltakarar, der 7 av disse fullførte – klasse 1 er for godkjenning av gjetarhund.
I klasse 2 var det 13 påmeldte ekvipasjer, der 8 av disse fullførte konkurransen. Totalt var 5 av dei 13 ekvipasjene frå Surnadal. – Nedafor har vi lagt ut oppdaterte resultatlista frå både klasse 1 og klasse 2.